Nomen Nigmas testamente
This game is in Norwegian only!
Like før påske bankar ei ung enke på døra til kontoret ditt. Ho har eit problem. Hennes avdøde ektefelle, milliardæren Theodor Krankelfnaas, er død, og formuen hans er sporlaust forsvunne. Eller, ikkje heilt sporlaust: Han har gøymd bort heile formuen på ein hemmeleg stad, og lagt ut ei rekke av spor som kan føre deg dit. Men vegen til paradiset er brulagt med gåter, oppgåver, feller og utfordringer, og familien trenger hjelp av ein dyktig kodeknekkar for å kome til målet. Tar du utfordringa?
Om gåtene
Nomen Nigmas testamente inneheld åtte "gåter" (i mangel på eit betre ord) som du må løyse for å kome vidare i historia. I dei fleste tilfelle må du sjølv finne ut av nøyaktig korleis ei gåte skal løysast, men felles for alle gåtene er at når du har løyst ho sit du igjen med eit ord eller ei frase. Trykk på "Svaret er ..."-knappen for å oppgi ditt svar.
Det er ikkje lagt opp til at du skal kunne løyse desse gåtene kun med informasjon du finner i spelet. Her er alle hjelpemiddel tilletne, og sannsynlegvis òg nødvendige. Det er altså ingen skam å opne Wikipedia eller Google i ein ny fane - det er sånn det er meininga at du skal spele dette spelet.
Trykk på "Vis hint" for å få eit hint om korleis ei gåte skal løysast.
Trykk på "Last ned PDF" for å få ein utskriftsvennleg PDF-versjon av ei gåte.
Kontrollar og innstillingar
Du styrer spelet ved å trykke eller klikke kvar som helst på skjermen, eller ved å bruke tastaturet:
- Mellomrom eller Enter - gå vidare i historia
- Pil opp/ned - bla i ei liste over svaralternativ. Når du har markert det alternativet du ønskjer å velja, bruker du Mellomrom eller Enter for å velja det
- 1-9 - hopp direkte til eit svaralternativ
- L - opne/lukke historieloggen
- S - opne/lukke opne/lagre-vindauget
- O - opne/lukke innstillingane
- C - opne/lukke rulleteksten
- Esc - lukk det aktive vindauget (historielogg/innstillingar/rulletekst/lagring)
Framgangen i spelet lagrast automatisk i nettlesaren din, så om du lukker spelet kan du når som helst kome tilbake til der du var sist, men om du ønskjer det kan du òg lagre spelet manuelt ved å trykke på diskettikonet i menyen, eller bruke hurtigtast S.
For å gå til innstillingane, trykk på tannhjulikonet i menyen, eller bruk hurtigtast O. Her kan du justere tempoet teksten visast i, og du har eit alternativ for å slette autolagra data om du ønskjer å starte spelet på nytt.
Status | Released |
Platforms | HTML5 |
Author | Olaf Moriarty Solstrand |
Genre | Puzzle, Interactive Fiction, Visual Novel |
Tags | ink, norwegian, nynorsk |
Average session | A few hours |
Languages | Norwegian Nynorsk, Norwegian |
Inputs | Keyboard, Mouse, Touchscreen, Smartphone |
Comments
Log in with itch.io to leave a comment.
Hey, I think I remember there being an English version of this game. Will it ever be available again?
Made it available again now!
https://olafmoriarty.itch.io/nomen-nigmas-last-will-and-testament
Since very few people were playing it, I decided to unpublish it and instead re-use the English version-specific puzzles in my other game, "The Time Traveler's Witch Trial". So if you play both, there's some puzzle overlap, but if you want to play this one, I guess that's okay!